mandag 8. desember 2008

Bundet til et tre i skogen - analyse

Å vere liten byr på mange utfordringar. Somme kjekke, og andre ikkje fullt så kjekke. Barndommen kan bringe mange gode minne, men kan også setje livsvarige arr i sjela på ein. ”Bundet til et tre i skogen” er ei novelle, skriven av forfattaren Karin Sveen. Den blei utgitt i en større novellesamling i 1980, kalt ”Døtre”.

Det heile begynner med at to barn, eit kjærestepar, skal ut i skogen ein vinterdag for å plukke ein spesiell blom. Vegen er litt lang og skummel, men det gjekk fint å komme inn. Utvegen derimot er litt verre. Dei møter to eldre gutar, Åge og Lyder.

Dei to store gutane er berre ute etter å lage bråk, og dette får kjærastparet merkje. Den vesle guten blir kledd av naken, slunge i ein maurtue, bunde til eit tre, pissa på og piska.

Det er hovudsakleg fire personar i novella, med unntak av dei skumle som bur langs vegen. Dei fire personane er ein ikkje-namngitte gut og jente, samt Åge og Lyder. Dei namnløyse barna er hovudpersonane i teksten.

Guten hadde på seg blå kjeledress og vottar, mens jenta hadde foldeskjørt, lusekofte og tre hårspenne i håret. Dei verkar som nokre normale barn, med fint språk og oppførsle, som ønskjer å vere i fred. At dei har blitt undertrykt eller mobba før verkar klart sidan dei heile tida er forsiktige, og spring med ein gong dei ser dei store gutane.

Åge og Lyder har eit heller skremmande utsjånad, spesielt Lyder som ikkje hadde veslefinger. At Åge og Lyder har blitt mobba sjølv ein gong er ikkje umogeleg, med tanke på fingeren til Lyder og at dei misbruker makta si over andre små barn, som ein slags hemn.

Den første setninga i novella, er: ”Dei sa det ikkje til nokon.” Dvs. at novella begynner med in medias res, rett inn i historia. Etter dette er novella bygd opp i kronologisk rekkjefølgje, og følgjer tid og handling med berre somme få avstikkarar kvar dei snakkar om dei skumle menneska som bur langs vegen. Synsvinkelen er autoral, så forteljaren oppheld seg ikkje i historia. Vi følgjer historia utanfrå.

Vendepunktet i novella kjem i det dei to barna er på veg ut frå skogen, og får auge på Åge og Lyder. Konflikten i novella er bygd opp på forholdet mellom dei to barna, og Åge og Lyder, og byggjer seg opp til ein klimaks når guten blir bunden og piska.
Miljøet er i ein typisk norsk skog, ein gong seint på vinteren. Sneen ligg enda i skogen, og maurtuene har begynt å røre på seg.

Karin Sveen har brukt ein del dialog i teksten, noko som får oss nermere realiteten. Ordbruket til dei fire personane er ganske annleis, noko som beskriv kva miljø og alder dei er i. Blant anna bruker ho ord som ”drep, døy, skremmande” og så vidare. Humor uteblir, noko som er rett i ei slik novelle. Ho bruker nokon få metaforar og samanlikningar, men det kunne godt vert fleire.

Eg trur Karin Sveen prøver å illustrere korleis barn faktisk kan vere mot kvarandre, og misbruken av makt mot personar som er svakare enn seg sjølv. Makt og maktesløysa til barn går igjen her. Både ved at jenta er bunden fast og kan ikkje gjere noko anna enn å sjå på guten som blir misbrukt, og dei store gutane si fysiske makt over barna.

Det er ei urettferdig verda vi lever i, og barn får merkje den kanskje meir enn andre.

Teksten er godt skriven, og det er mange bra skildringar som får ein til å sjå for seg situasjonane betre. Det virke nokså realistisk, men er kanskje ein smule for brutal. At noko liknande har hendt er det vell ikkje tvil om, men det blir liksom litt vell mye med at dei kastar han i maur, bind han såg huda tyt ut, piskar og slår han.

Men alt i alt har Karin Sveen skrive ei god novelle, som viser korleis barn faktisk kan vere mot kvarandre, og korleis dei faktisk kan påverke andre med handlingane sine.

Ingen kommentarer: