fredag 12. februar 2010

Nynorsk referat

Teksten ”Gjer leksene dine gut” er eit kåseri skrive av Are Kalvø, og tek for seg Kalvøs tankar om at kanskje dei teite lærarane han hadde faktisk hadde rett. Kanskje en bør la være å utsette alle ting til siste dag, siste time, siste minutt.
Ein ting er at det kanskje fungerer for nokon, spesielt når ein er ung og ting ikkje har så mye å seie som når ein er voksar. Men at dei viktigaste personane i verda arbeider på denne måten? Utset alt heilt til slutt, for så å redde verda frå ein katastrofal undergang.

Som sagt så fungerer den måten for dei smartaste 10. Klassingane som klarer å lure lærarane med eit par timars arbeid rett før innleveringstida går ut på Itslearning, men så er det no ikkje dei smartaste 10. Klassingane som skal redde verda frå død og undergang heller.

Klart at det er ein fordel å begynne med oppgåvene dine tidleg, i så og seie alle tilfelle. Hadde Klimapanelet i København arbeidde på denne måten, kunne vi kanskje klart å hindre den globale oppvarminga no, i staden for å vente til Itslearning viser ”Utløper om ein time”.



Teksten ”Det folk vil ha?!?” av Are Kalvø handlar om kva folk eigentleg vil ha. Kven vi er. Han deler opp kultur og kunst i to ting. Det er snakk om dårleg kultur. Kven er det eigentleg som bestemmer kva folk eigentleg vil ha?

Er det nyheitene, politikarane eller stereotypen på gata som bestemmer kva vi tenkjer, seier og meiner? I dei fleste tilfelle er det litt eldre folk som er imot alt som går an å gå imot som blir spurd, og dermed valt av mediet for å representere det norske folket på grunn av dei ekstreme meiningane deira skal blåse opp litt diskusjonar i samfunnet.

Men eg er heilt einig med Kalvø. Kva med dei ca. 3.8 millionane som ikkje er i overgangsalderen eller pensjonistar, som ikkje har ekstreme meiningar mot alt som kan føre til forandringar? Skal ikkje vi få representere det norske folket? Nei, vi er ikkje så interessante. Vi har ikkje så sterke meiningar. Vi er for unge.



Arsenal - Tottenham, Tyskland - Verden, Cola - Pepsi, Nord-Amerika - Sør-Amerika, bokmål - nynorsk. Rivalisering. Teksten ”Ikkje Amerika, men Amerika” av Kjartan Fløgstad handlar om den vanskelege forskjellen på Sør-Amerika og Nord-Amerika, og kor vanskeleg det er å lære om Sør-Amerika i forhold til Nord-Amerika. Det finst fleire vanskelege og uviktige småland i Sør-Amerika, mens i Nord-Amerika er det få. I tillegg er klimaet og kulturen heile anderledes nede i sør, og nærmast identisk i Nord-Amerika.

Han seier vi burde prøve ut å kutte vekk Sør-Amerika frå læreplanen på skolen, og kanskje berre stryke ut heile kontinentet. Ser ein litt djupare enn Ola Nordmann, ser vi at det er ikkje Sør-Amerika som plagar Fløgstad, men nynorsken. Han trekkjer parallellar mellom Sør- og Nord-Amerika, nynorsk og bokmål. Kvifor vi berre ikkje kan kutte ut nynorsken, og berre fokusere på bokmål. Eg er heilt einig, Fløgstad.




”Få meg på, for faen” er skrive av Oslaug Nilssen og handlar om ei dame som vil komme seg på tv. Ho går rundt og tenkjer på kva ho skal seie, kva ho skal gjere, for å komme på tv. Men draumene sviktar henne, og ho endar på jobb, nok ein dag. Temaet er kven vi er, og kva vi er. Vi får tilgitt eller skapt ei rolle i samfunnet, og alle kan ikkje vere kva dei vil, da ville verda vore overfylt av fotballspelande milliardærar.



”Nygift” av Frode Grytten handlar om ein som les eit vekeblad, og les opp ei novelle for ei gammal dame på gamlehjemmet der ho jobbar. Novella handlar om ein mann og ei kone som reiser på bryllupsreise, og ho førestiller seg at det er mannen hennar det står om. Ho blir lettare irritert og blir overtydd om at mannen hennar må ha fortalt historia om deira bryllupsreise til forfattaren av novella.

Den gamle dama sovnar mot slutten, og ho ringjer heim til mannen sin kl. halv fire. Det er tydeleg at ho ikkje stolar på han, og er litt sjalu. Temaet er sjalusi og tillit, og intrigar ein kan plutseleg kan få i eit elles lykkeleg ekteskap.
”Den grøne kommoden” av Selma Lønning Aarø, handlar om eit par som på tragisk vis gjer det slutt. Ho har vert utru. Ho slår opp, men han tek det uvanleg roleg, og seier berre han vil ha den grøne kommoden. Ho går frå han, ho var utru, men alt han bryr seg om er kommoden.

Handlinga sirkulerer rundt ein konflikt, nemleg kven som skal ha kommoden. Vendepunktet i novella er da guten tek mot til seg og seier ”eg vil ha kommoden”. Dette er den aller første replikken i novella. Vi kan leggje merke til at vendepunktet fell saman med den første replikken. Spenninga har bygget seg opp og nått eit klimaks, heilt utan at personane i novella har sagt noko. Det einaste vi har fått vite er tankane til guten. Før vendepunktet kjem er det jenta som har hatt overtaket. No snur det, og guten hamnar i ein maktposisjon. Plutseleg forstår jenta kvar dette kjem til å ende, og begynnar å angre seg.