søndag 6. september 2009

Korleis lære nynorsk

Nynorsk er for veldig mangt eit svært vanskeleg og ikkje særleg populært fag. Sjølv om vi gjerne snakke meir nynorsk enn vi snakkar bokmål i Stavanger, men nynorsk er eit skriftspråk og derfor er det vanskeleg for oss å tilpasse oss det etter 13 år med berre bokmål på skolen. Men det finst håp for alle, uansett kor vanskeleg dei syntest det er. Det handlar rett og slett berre om å finne din eigen metode for å lære stoffet.

Sjølv forstår eg nynorsk ganske godt og har nokre enkle metodar for å forstå det litt betre. Når eg skriv pleier eg berre å tenkje på korleis orda og setningane hørest ut når ein seier dei, og skriv eigentleg ut i frå det. I tillegg er det bra og gå igjennom enkle reglar for korleis du bøyer diverse svake og sterke verb. Kan du bøyingssystemet har du kome langt. Sleng du inn ei ordbok og, så har du det meste for å klare å skrive ein god nynorsktekst. Men hugs å ikkje overdramatissar nynorsken din! Det er faktisk ikkje så anderledes enn bokmål, og alle ord sluttar ikkje på ”-ar”.

Gidd du ikkje pugge reglar, hjelper det alltids godt å lese nynorske tekstar eller bøker.

Så prøver du å lese gjennom reglar i bøyingssystemet, førestille deg orda i hovudet, har ein ordbok og ikkje overdramatiserer så burde du klare deg greitt på neste nynorskoppgåve.